Leite under snø

 

Eg merka at tida gjekk bort. Eg merka at rørslene mine ikkje lenger ber løfte om villige famntak og fuktig mørke. Eg var ein reisande i eit landskap skiftande, frå vårgrønne skogar og tonar frå småfugl i skjul mellom greinene.

No er eg her, på ei vintervidde som ikkje tykkjer ta slutt. Eg har lagt bak meg skogen der eg sprang mellom tre. Eg let det store vinterbildet spegle seg i sinnet mitt

Reinsdyra som sparkar i snøen etter mat, frostrøyken frå nasebora deira.

Eg må tine snø for å sløkke tørsten.

Eg kan ikkje hugse korleis eg kom hit. Men det er dette eg har no. Det er her eg er.

Eg må leite under snø.

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: