Kvite flagg over sofakanten

 

 

Eg vifter med eit kvitt flagg, eller det er eit stykke tørkepapir, hastig reve av,

det siste papiret som klistra seg til rullen, fullt av lim som blander seg med det våte frå augene mine.

Men eg skal tørke tårene mine, eg skal reise meg opp frå sofaen

når dei berre slutter å renne, ein gong

 

Eg er ikkje destruktiv. Eg skal rydde i rotet eg laga, då du ikkje hadde vore heime på ei veke

Ikke berre dei gamle avisene og snopepapira og vinflaskene, eg skal rydde, du skal få sjå, korleis tankane mine samlast om viktige ting, som krig, svolt, og dei stille toga av folk på flukt

 

Eg har og eit kvitt flagg i neven, eg er ikkje så egosentrisk at eg ikkje veit

at desse menneskja har det verre enn meg

Eg drar det kvite over augene mine, eg skal aldri overgi meg

Til nauda, hatet, eller deg

Eg skal bære sorga med hovudet høgt

Når eg ser deg igjen ein dag, fingre fletta inn i fingre, auge som ler mot auge

eit tilfeldig møte, på butikken eller pøbben

Så har eg kvitta meg med tårene og alle dei vonde tankane, skammen, sjølvhatet,

For det var du som gjekk

 

Eg skal gå ned med mitt skip

Aldri meir skal kvite flagg strykast over augene mine

Aldri skal eg overgi meg, heller vil eg legge ut miner over heile stovegolvet

Aldri skal eg slutte elske deg

men kanskje meg sjølv

 

Med takk til Didos vakre sang «White Flag» og ikkje minst,  forfattar og skrivekurslærar Bente Bratlund, som gav meg sjølvtillit nok til å lage nye tekster

 

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: