Forlat meg ikkje
når den kalde doggen kjem
Lat meg ikkje ligge her
kor bakken er så hard
Gje meg
ei silkepute der eg kan kvile hovudet
og lat stille fløyelstoner lindre hugen
Forlat meg ikkje her
kor mørkret dampar av mi iskalde hud
Gje meg eit leige eg kan kvile i
og beste kleda på
Be ein bøn for meg
– gråt for meg!
Tenk på alt
du ikkje gjorde
for meg
Seinare skal du få tida di attende
då skal du tenke på
alt du var for meg
før natta tok meg til seg og
gav meg kvile