Kraften vi lever av
Vis meg det som er vakkert i verda
Ta med med opp dit, der farfars far ein gong bygde fjøs til sauene
du veit, det granittgråe som kviler i graset
løa du la ny takstein på i fjor
steinane, ein sinnrik mosaikk som skal ligge lenge, lenge
etter at eg er borte
Ta meg bort frå bileta av han som slo og slo til det ikkje var liv tilbake
Lat andre bilete legge seg over syna mine
eg vil ikkje sjå korleis han plaga, alltid dei som svakast,
dei som tålte det minst
Hjelp meg bort
ta handa mi, lat fingrane mine
få kvile mot dei mjuke putene i handa di, lat meg få kvile ut i di hud
Lat stemma di døyve skrika frå dei som vart pint, eller stemmene som stille skrik ut si smerte i alt for mange einsame rom?
Lat meg sleppe å dra med meg deira angst
Kanskje kan du i staden, fortelle meg om kjærleik?
Eg høyrer gjerne om den gongen farfars far, ateisten, gikk i kirka
kvar einaste preikesundag
og deretter haldt gudsteneste heime i stova
for farfars mor, som var ein truande, lenka til senga, og trengte høyre Ordet frå Gud
henne sang han for
Vis meg det vakre
Gje meg di mjuke handflate
Fortell meg fleire soger om det å elske
Vis meg kraften som slår revner i fjell